Britisk kolonisering av Amerika
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den britisk koloniseringa av Amerika starta seint på 1500-talet og nådde ein topp då koloniar var oppretta over heile Amerika og eit protektorat vart danna over Kongedømet Hawaii i Stillehavet. Britane var ei av dei viktigaste kolonimaktene i Amerika og det amerikanske imperiet deira var ein stor rival til dei spanske koloniane både militært og økonomisk.
Denne britiske erobringa hadde dramatisk innverknad på dei innfødde sivilisasjonane i Amerika både direkte gjennom britisk militærmakt og indirekte gjennom kulturelt samanbrot og innførte sjukdomar. Sjølv om dei innfødde samfunna hadde utvikla krigargrupper og ei lang historie med krigføring, klarte dei ikkje å stå imot dei teknologisk overlegne britiske styrkane og vart til slutt slått. Mange av dei erobra folkeslaga forsvann eller vart innlemma i kolonisystemet.
Etter den amerikanske sjølvstendekrigen fekk dei britiske territoria i Amerika ei meir ansvarleg regjering før dei gradvis fekk sjølvstyre på 1900-talet. På denne måten fekk to land i Nord-Amerika, ti i Karibia og eitt i Sør-Amerika sjølvstyre frå Storbritannia. I dag har Storbritannia framleis åtte oversjøiske område i Amerika, som har forskjellig grad av sjølvstyre. I tillegg er ni tidlegare britiske område i Amerika, som i dag er sjølvstendige, Samveldeland.
Det fanst tre kolonitypar i Det britiske imperiet i Amerika på høgda av makta deira på på 1700-talet. Desse var konsesjonskoloni (charter colony), proprietærkoloni (proprietary colony) og kongeleg koloni (royal colony).