Estisk økonomi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Estisk økonomi er ein kapitalistisk, open blandingsøkonomi i den indre marknaden i EU. Han har på 20 år vorte ein open, moderne tenesteøkonomi med innslag av avanserte teknologibedrifter. Tradisjonelt har økonomien i landet vore dominert av landbruk med låg foredlingsgrad. I 700 år var Estland prega av liveigenskap og underlagt framande makter – Danmark, Tyskland, Sverige, Russland og Sovjetunionen – som fokuserte på jordbruksproduksjon og dikterte den økonomiske politikken i landet fram til 1918. Tre jordreformer etter den gongen har snudd om på det estiske landbruket.
Før moderne tid var meieriproduksjonen den mest avanserte landbruksnisjen, og smør og ost vart eksportert til land i nordvest-Europa. Ein annan stimulans til byøkonomien i Tallinn (Reval) var funksjonen landet hadde som hamnestat for handelen med varer i Austersjøen. Tekstilindustrien vart grunnlagt under Tsar-Russland, men fyrst i etterkrigstida vart det bygd opp ein meir avansert industri i større skala, som eit ledd i den «sosialistiske arbeidsdelinga» i Sovjetunionen. Estland utvikla noko elektronisk industri, mekanisk industri og leverandørindustri til våpenindustrien i Sovjetunionen og romprogram. Det vert òg produsert olje frå oljeskifer i aust langs Narvaelva, på grensa til Russland.
For landbrukssektoren vart sovjetperioden eit sterkt tilbakeslag med tvinga kollektivisering og deportasjon av bønder. Inntektsnivået, som i 1940 var på linje med Finland sitt, låg i 1987 berre på 1⁄7 av det inntektsnivået finnane då hadde oppnådd.[1]
Etter sjølvstendet i 1991 har Estland raskt utvikla ein marknadsøkonomi med del- og heilprivatisering av ei rekkje industriar. Landet vart i 1994 eit av dei fyrste i verda med flat skatt uavhengig av inntekt, og i dei to neste åra vart den flate skattesatsen redusert frå 25 % til 24 % og 23 %. Estland har lagt vekt på ein stabil valuta, stimulans av utanlandske investeringar og orientering mot frihandel gjennom EU-medlemskap. Eksport bidreg til meir enn 50 % av BNP, der 80 % av den estiske handelen er med EU.
Allereie på 1990-talet var Estland det austeuropeiske landet som fekk dei største utanlandske investeringane,[2] og som hadde sterkast økonomisk vekst, årleg mellom 7 og 11 % frå 2000 til 2007. Frå omkring 2006 byrja inflasjonen å auke merkbart, og veksten bremsa opp, mellom anna på grunn av ein liten og ufleksibel arbeidsmarknad der mange velferdsgode var knytte til arbeidsplassen, og ny, lønsam produksjon har utfordringar med å skaffe arbeidskraft.[3]