Kjempebuddhaen i Leshan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjempebuddhaen i Leshan er ein skulptur i byprefekturet Leshan i Sichuan i Kina, hogd ut av berget ved åmotet mellom dei tre elvane Min Jiang, Dadu He og Qingyi. Figuren vart hogd ut or fjellsida av buddhistiske munkar i tida mellom 719 og 803. Skulpturen er 71 m høg, skuldrene er 28 m breie, dette gjer den til verdas største statue av Buddha. Hovudet er 15 meter høgt og 10 meter breitt. Øyrene er sju meter lange.
Kjappe fakta Kjempebuddhaen i Leshan 29.546944444444°N 103.76925°E / ...
Kjempebuddhaen i Leshan | |||
| |||
Kjempebuddhaen i Leshan 29.546944444444°N 103.76925°E / 29.546944444444; 103.76925 |
---|
Lukk
Statuen vart laga for å temje dei farlege kvervelstraumane som oppstår der elva Dadu renn ut i Min Jiang. Desse straumtilhøva var til stor plage og fare for skipstrafikken.