Martha Ostenso
norsk-amerikansk forfattar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Martha Ostenso (17. september 1900–24. november 1963) var ein norsk-amerikansk forfattar, kjend for den prisløna debutromanen sin Graagaas (Wild Geese) frå 1925. Romanen vart ein bestseljar både i USA og Noreg, og vart omsett til ei rekkje andre språk. Forfattarskapen til Ostenso var i hovudsak realistiske skildringar av livet på landet i Midtvesten av USA og i Canada. Ho vart kjend som grunnleggjaren av «prærierealismen».
Martha Ostenso | |
Statsborgarskap | Noreg, USA |
Fødd | 17. september 1900 Haus kommune |
Død |
24. november 1963 (63 år) |
Yrke | journalist, romanforfattar, novelleforfattar, sosialarbeidar, lyrikar |
Medlem av | National League of American Pen Women |
Far | Sjur Brigtson Østensø |
Mor | Oline Olsdatter Tungeland Østensø |
Ektefelle | Douglas Durkin |
Martha Ostenso på Commons |
Ostenso samarbeidde med ektefellen Douglas Durkin om bøkene sine, men omfanget av medverknaden til Durkin er ikkje klarlagt. Ein går ut frå at Ostenso hadde skrive det første utkastet til debutromanen og at Durkin deretter gjekk gjennom og redigerte manuskriptet. Enkelte litteraturvitarar ser på signaturen Martha Ostenso som uttrykk for den felles verksemda til dei to forfattarane frå og med 1925.
Familien til Ostenso utvandra til USA då Martha var to år gammal. I barndomsåra heldt ho til i Minnesota og Sør-Dakota i USA. I ungdomsåra budde dei i Manitoba i Canada. Karrieren hennar som forfattar varte fram til 1958, og resulterte blant anna i ei diktsamling, seksten romanar, rundt tretti noveller og ein biografi. Wild Geese vart til stumfilm og spelefilm i levetida til forfattaren, og dessutan til TV-serie i 2001.
Ostenso vart den fyrste norsk-amerikanske kvinna til å forsørgja seg og familien sin som forfattar. Ho var tre gonger tilbake i Noreg etter utvandringa.