Nikon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nikon Corporation (Nikon, Nikon Corp.) er eit japansk firma som spesialiserer seg i optikk og fotografi. Produkta deira inkluderer kamera, kikkertar, mikroskop og måleinstrument. Det blei grunnlagt i 1917 som Nihon (Nippon) Kōgaku Kōgyō (日本光學工業株式會社); foretaket bytta i 1988 namn til Nikon Corporation (株式会社ニコン) etter fotografiapparata sine. Nikon er ein del av Mitsubishi og hadde i 2002 omkring 14 000 tilsette.
Nikon | |||
| |||
| |||
Org.form | Kabushiki kaisha | ||
---|---|---|---|
Bransje | Kamera | ||
Skipa | 1917 | ||
Land | Japan | ||
Produkt | programvare, speilreflekskamera, kamera | ||
Nettstad | https://www.jp.nikon.com/ |
Namnet Nikon er frå 1946, og er ei samanslåing av Nippon Kōgaku («Japan optiske») og ein imitasjon av Zeiss Ikon.
Blant dei mest kjente produkta er Nikkor-kameraobjektiva (spesielt dei for firmaet sine eigne spegelreflekskamera med F-montering), Nikonos-undervasshus og Nikon F-serien av profesjonelle spegelreflekskamera for 135-film. Nikon er med i overgangen til digitalfotografering med både kompaktkamera og spegelreflekskamera som Nikon D2, Nikon D200 og Nikon D80.
Hovudkonkurrentane til Nikon er mellom anna Canon, Sony, Pentax, Fujifilm, Panasonic og Olympus.