Toll-lik reseptor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Toll-like reseptorar (TLR-ar, etter tysk toll, 'storarta') er protein som kjenner att mikroorganismar når dei kjem inn i kroppen. Namnet kjem frå Toll-genet som vart identifisert i bananfluga (Drosophila melanogaster).
Toll-like reseptorar set i verk det medfødde immunsystemet og kan til dømes kjenna att lipopolysakkarid frå patogene bakteriar.
Frå menneske er det kjent minst 10 ulike Toll-like reseptorar med lengder på 700–1100 aminosyrer. Toll-like reseptorar er òg funne i rundmakken Caenorhabditis elegans og i planter.