Émile Zola
From Wikipedia, the free encyclopedia
Émile Édouard Charles Antoine Zola (2. april 1840–29. september 1902) var ein viktig fransk forfattar og poet, ein av dei viktigaste innanfor naturalismen, og ei viktig drivkraft i den politiske liberaliseringa av Frankrike.
Émile Zola | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 2. april 1840 Paris, rue Saint-Joseph |
Død |
29. september 1902 (62 år) |
Yrke | politisk journalist, kunstkritikar, romanforfattar, essayist, skodespelforfattar, novelleforfattar, litteraturkritikar, teaterkritiker, journalist, skribent, lyrikar, fotograf |
Språk | fransk |
Sjanger | roman, novelle |
Religion | ateisme |
Far | François Zola |
Mor | Émilie Aubert |
Ektefelle | Alexandrine Zola |
Born | Jacques Rozerot, Denise Aubert |
Émile Zola på Commons |
Émile Zola skreiv det verdskjende opne brevet: J'accuse (Eg anklagar) om Dreyfus-saka, som dreidde seg om ein dom for spionasje av ein uskuldig fransk offiser. Brevet var retta mot den franske presidenten og vart offentleggjort i avisa L'Aurore den 13. januar 1898. Zola innser i brevet at ytringa hans er eit lovbrot (injurie), men skriv det likevel som ei samvitshandling. Han vart då òg dømd til fengsel for det, men brevet var i høg grad medverkande til at saka mot den dømde offiseren vart teke opp att og til at den uskuldige fekk oppreising.