Blåseinstrument
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blåseinstrument er ei gruppe musikkinstrument der ein lagar lyd ved å blåsa luft gjennom instrumentet. I Hornbostel-Sachs-systemet er blåseinstrument klassifiserte som aerofonar.
Blåseinstrument lagar lyd ved at ein får ein luftmasse til å vibrera i ein resonator. Dette kan gjerast ved at ein bles inn i eller forbi eit munnstykke med hòl i ein ende av instrumentet. Kva tone ein får er avhengig av lengda eller volumet til luftmassen, og kan endrast ved hjelp av fingerhòl, klaffar, ventilar og liknande i resonatoren eller gjennom korleis ein bles. Blåsemåte, resonatorfom og speleteknikk påverkar alle klangen frå instrumentet.