Britiske oversjøiske territorium
From Wikipedia, the free encyclopedia
Britiske oversjøiske territorium (engelsk British overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorium som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Desse omfattar i dag fjorten territorium med historiske og administrative band til Storbritannia.[1][2][3] Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.
Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.
Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».
Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.