Kompaktplate
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei kompaktplate eller ein CD (frå eng. compact disc) er ei plate brukt til å lagre digitale data. CD vert gjerne kalla eit optisk medium då ein nyttar laserlys for å lese plata [1]. Opphavleg var CD-en laga for å lagre digital lyd, men etterkvart har ein gjort det mogleg å lagre alle typar data.
- Dersom du ser etter andre tydingar av forkortinga CD, sjå fleirtydingssida CD
Den opphavlege CD-en, som støtta den såkalla Red Book-standarden, vart utvikla for å lagre digital lyd. Ein standard lyd-CD består av eit spor koda med 16-bit PCM i ein frekvens på 44,1 kHz[1]. Dei fleste CD-plater har ein diameter på 120 millimeter som kan lagre opptil 74 minuttar med lyd i stereo. Den seinare teknologien for anna lagring er kjent som CD-ROM.