Edgar Degas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hilaire Germain Edgar Degas (opphavleg De Gas; 19. juli 1834–27. september 1917) var ein fransk kunstmålar, grafikar og skulptør. Han er særleg kjend for sine mange framstillingar av ballettdansarar og scener frå hesteveddeløp. Degas var også ein særs dyktig og ettertrakta portrettmålar, og er ein av dei mest kjende impresjonist-kunstnarane.
Kjappe fakta
Edgar Degas | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 19. juli 1834 Paris |
Død |
27. september 1917 (83 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, lyrikar, grafikar, fotograf, teiknar, grafikar, litograf, biletkunstnar |
Språk | fransk |
Sjanger | portrett, sjangermåleri |
Medlem av | Ligue de la patrie française |
Far | Auguste de Gas |
Edgar Degas på Commons |
Close
Hans nyskapande komposisjonar, påverka av fotografi og japanske grafiske trykk, og hans talent for teikning og framstilling av rørsle gjorde han til ein særmerkt kunstnar på slutten av 1800-talet. Sjølv om Degas vert rekna med mellom impresjonistane, er arbeida hans også prega av klassisismen og realismen. I nokre tilfelle finst også påverknad frå romantikken.