Elefant
From Wikipedia, the free encyclopedia
Elefantar er store pattedyr kjenneteikna av store øyre, ein lang snabel, og ofte store støyttenner. Dei høyrer til to slekter i elefantfamilien, Elephas og Loxodonta. Dei nolevande elefantane blir delt inn i to grupper, afrikansk elefant og asiatisk elefant. Desse kan også reknast som to artar, eller ein kan dela inn dei afrikanske elafantan i afrikansk savanneelefant og afrikansk skogelefant.
- Denne artikkelen handlar om nolevande elefantar. For familien som også omfattar utdøydde dyr, sjå elefantfamilien.
Elefant | |
Afrikansk skogelefant | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av elefant | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Ryggradsdyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Afrotheria |
Orden: | Proboscidea |
Familie: | Elefant Elephantidae |
Elefantar er i dag verdas største landlevande dyr. Den største elefanten ein har funne var ein hann skoten i Angola i 1956, som vog rundt 11 tonn og hadde ei skulderhøgd på nær 4 meter. Typisk er afrikanske hannelefantar 3 meter høge. Nyfødde elefantar er gjerne rundt 120 kg. Dyra har ei fostertid på 22 månader, den lengste av alle landlevande dyr. Dei blir typisk 50 til 70 år gamle.