Eurovision Song Contest 1997 var den 42. i rekkja, og vart arrangert i Point Theatre i Dublin i Irland den 3. mai 1997. Irland arrangerte tevlinga for sjuande gong av di Eimear Quinn vann i Oslo i 1996. Programleiarane var Carrie Crowley og Ronan Keating. Italia kom attende dette året, og den italienske kringkastaren RAI slo fast at dette var siste gongen landet akta å delta.
Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Eurovision Song Contest 1997 |
|
|
|
Dato |
Vertskap |
|
Varigskap |
Opningsnummer |
Pausenummer |
Bidrag |
|
|
Kart |
|
|
Røysting |
|
Eurovision Song Contest |
|
Close
Katrina and the Waves, som representerte Storbritannia, vann tevlinga med rekordmange 227 poeng. Denne rekorden stod heilt fram til 2004, då semifinalen vart innført og mange fleire land vart med i avstemminga). Vinnarsongen «Love Shine a Light» fekk poeng frå alle landa, ti tolvarar og fem tiarar. Songen vert rekna som ein av dei mest vellukka som har vunne tevlinga nokonsinne. Vertslandet Irland kom på andreplass, med Marc Roberts og «Mysterious Woman».
Det var eit breitt spekter av ulike songar med dette året. Danmark sende ein rapsong, Kroatia sende deira versjon av Spice Girls og Sverige sende eit boyband i beste åttitalsstil. Musikken var generelt meir moderne enn før, og for fyrste gong på seks år var det ein song med raskt tempo som vann. Noreg sitt bidrag, San Francisco av Tor Endresen kom på ein delt sisteplass saman med Portugal, og fekk null poeng.
Telefonavstemming vart testa ut i fem land dette året: Storbritannia, Sverige, Sveits, Tyskland og Austerrike. Det synte seg at resultata frå desse landa skilte seg ganske mykje frå dei andre landa, som brukte jury. For eksempel fekk Island 16 av sine totalt 18 poeng frå desse fem landa.