Hollywood Boulevard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hollywood Boulevard (tidlegare: Prospect Avenue) er ei berømt gate i Hollywood, no ein del av Los Angeles, i California.
Gata byrjar ved Sunset Boulevard i aust og går vest til Sunset Plaza Drive. Ho passerer Little Armenia og Thai Town. Frå 1887 til 1910 hadde gata namnet «Prospect Avenue». Etter at Hollywood vart ein del av Los Angeles, bytta gata namn til Hollywood Boulevard.