Kaukasus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaukasus er ei fjellkjede i Eurasia mellom Svartehavet og Kaspihavet i Kaukasia.
- Denne artikkelen handlar om fjellkjeda. For det geografiske området, sjå Kaukasia.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Kaukasus | |||
fjellkjede | |||
Land | Russland, Aserbajdsjan Georgia, Armenia Iran | ||
---|---|---|---|
Del av | Alpide belt | ||
Stad | Eurasia mellom Svartehavet og Kaspihavet | ||
- koordinatar | 42°30′N 45°00′E | ||
Høgaste punkt | Elbrus | ||
- høgd | 5 642 moh. | ||
Lengd | 1 100 km | ||
Areal | 477 165 km² | ||
Største by | Baku | ||
Lengste elv | Kura | ||
Kaukasus 42.5°N 45°E / 42.5; 45 | |||
Wikimedia Commons: Caucasus mountains | |||
Lukk
Kaukasus utgjer to separate fjellsystem:
Store Kaukasus strekkjer seg frå Vest-Kaukasus i nærleiken av Sotsji i dei nordaustlege kystområda av Svartehavet, og går hovudsakleg aust-søraustover og nesten til Baku ved Kaspihavet, medan Litle Kaukasus går parallelt med den større fjellkjeda, om lag 100 km lenger sør. Meskheti er ein del av Litle Kaukasus. Store og Litle Kaukasus er knytt saman av fjellkjeda Likhi, som skil låglandet Kolkhida frå låglandet Kura. I søraust ligg Talysjfjella. Litle Kaukasus og Det armenske høglandet utgjer Det transkaukasiske høglandet. Det høgaste fjellet i Kaukasus er Elbrus.