Kinesisk keramikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kinesisk keramikk er keramikk som er blitt laga i Kina sidan steinalderen og fram til moderne tid. Han omfattar alt frå murstein og takstein til dekorativt porselen.
Den tidlegaste kinesiske keramikken var leirgods, som ein har fortsett å laga for daglegbruk gjennom kinesisk historie, men stadig mindre for kunstføremål. Steintøy, som er brent ved høgare temperaturar og er vasstett, blei utvikla svært tidleg og har vore i bruk til finare gods i mange område i dei fleste periodar. Tebollar i Jian-keramikk og Jizhou-keramikk frå Song-dynastiet er nokre døme. Porselen vart funne opp i Kina, og vart ei viktig diplomatisk gåve og eksportvare.