Kolymaelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kolyma (russisk Колыма) er ei elv nordaust i Sibir, som renn gjennom republikken Sakha, Tsjukotka autonome okrug, og Magadan oblast i Russland. Elva er 2129 km lang og har eit nedslagsfelt på 643 000 km².
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Kolyma | |||
elv | |||
Debin gjennom morgontåka over Kolyma i 2004 | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 643 000 km² | ||
Lengd | 2 129 km | ||
Munning | Aust-Sibir-havet | ||
Kolymaelva 62.2919°N 147.7325°E / 62.2919; 147.7325 | |||
Nedslagsfeltet til Kolyma
| |||
Wikimedia Commons: Kolyma River | |||
Lukk
Elva spring ut i fjella nord for Okhotsk og Magadan i området rundt 62°N 149°E og munnar ut i Kolymabukta (Kolymskij Zaliv) i Aust-Sibir-havet ved 69°30′N 161°30′E.
Kolyma er dekt av eit fleire meter tjukt islag om lag 250 dagar av året og er berre isfri frå tidleg i juni til oktober.