Lasse Virén
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lasse Artturi Virén (fødd 22. juli 1949) er ein politikar og tidlegare finsk langdistanseløpar og politimann frå Myrskylä. Han vann fire gullmedaljar i to ulike sommar-olympiadar. I München i 1972 vann han både 5000 meter og 10 000 m, og gjentok prestasjonane på begge distansane i Montreal i 1976. I 1972 sette han verdsrekord på 10 000-meteren med 27.38,3 og på 5000 m med 13.16,4. Også i finske meisterskap vann Virén fire gullmedaljar, to på 5000 m og to på 1500 m. 50 år gammal vart han vald inn i den finske riksdagen, der han representerte det høgreorienterte Samlingspartiet i til saman ni år.
Kjappe fakta
Lasse Virén | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 22. juli 1949 (74 år) Mörskom |
Yrke | politikar, friidrettsutøvar, politibetjent, gründer |
Språk | finsk |
Høgd | 180 centimeter |
Politisk parti | Samlingspartiet i Finland |
Lasse Virén på Commons |
Lukk