Lhotse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lhotse er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Khumbu-regionen i Nepal og Tibet i Kina. Med sine 8 516 moh. er Lhotse det fjerde høgste fjellet i verda. Toppen ligg berre knapt tre kilometer frå Mount Everest, og den vesle avstanden og smålåtne skardhøgda på 610 meter mot Everest gjer at klatrarar reknar Lhotse som ein av dei minst gjeve 8000-meterstoppane. Det tibetanske namnet tyder «Sørspissen» og det viser til det nære sambandet med Everest-massivet. Det tibetanske namnet på fjellet blir lho rtse med Wylie-translitterering. Det offisielle kinesiske namnet er Lhozê (kinesisk skrift 洛子峰, pinyin Luòzǐ Fēng).
Lhotse | ||
---|---|---|
Lhotse sin sørvegg sett frå Chukhung Ri | ||
Høgd over havet | 8 516 m | |
Område | Nepal/Kina (Tibet) | |
Fjellområde | Himalaya | |
Dominans | 2,62 km → Mount Everest | |
Skardhøgd | 610 m ↓ South Col (Sørsadelen) | |
Koordinatar | 27° 57′ 48″ N, 86° 56′ 0″ A | |
| ||
Førsteklatring | Ernst Reiss og Fritz Luchsinger, 18. mai 1956 | |
Normalrute | Western Cwm (Vestbotnen) → nordvestveggen |
Det ligg tre toppar som alle er over 8 000 meter på Lhotse-massivet. I tillegg til hovudtoppen, vert òg Lhotse Middle (8 414 m) og Lhotse Shar (8 383 m) rekna som toppar, men med for liten primærfaktor til at dei vert rekna som sjølvstendige toppar. Frå Lhotse og Lhotse Shar fell i sørleg retning ein over 3000 m høg fjellvegg. På grunn av den enorme høgdeskilnaden og den ekstreme høgda over havet blir dette rekna som ein av dei klatreteknisk vanskelegaste og farlegaste veggene i verda.