Loulé
From Wikipedia, the free encyclopedia
Loulé er ein by og kommune i Faro distrikt i den sentrale delen av Algarve sør i Portugal. Han er den største og folkerikaste kommunen i Algarve med eit areal på 764,2 km² og eit innbyggjartal på 70 622 (2011).[2] Sjølve byen har cirka 12 100 innbyggjarar. Kommunen grensar til Almodovar i nord, Alcoutim, Tavira, São Brás de Alportel og Faro i aust og til Albufeira og Silves i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør.
Kjappe fakta Land, Region ...
Loulé | |||
by | |||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Region | Algarve | ||
Distrikt | Faro | ||
Areal | 764,2 km² | ||
Folketal | 70 622 (2011)[1] | ||
Loulé 37.14399°N 8.02345°W / 37.14399; -8.02345 | |||
Wikimedia Commons: Loulé | |||
Lukk
Loulé er ein viktig turiststad på sørkysten av Portugal (Algarvekysten), som er kjend for det årlege karnevalet sitt – Carnaval de Loulé. I tillegg til byen som har gjeve namn til kommunen, omfatta kommunen også byen og feriestaden Vilamoura/Quarteira.