Målarstokk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Målarstokk er ein liten stokk eller pinne som kunstmålarar bruker til å støtta handa på når dei målar med ein pensel.
Stokken er rett, tynn, vanlegvis 70-80 cm lang og utstyrt med ei lita kule eller mjuk pute i den eine enden. Ved å kvila handa på stokken kan ein arbeida meir kontrollert med detaljar og føra penselen utan å klina til måleriet.
På sjølvportrett og andre måleri frå perioden frå 1500- til 1800-talet er målarstokk typisk målarutstyr saman med palett, penslar og staffeli.
Målarstokk blir kalla maulstick eller mahlstick på engelsk etter det nederlandske maalstok.