Nellie Melba
australsk songar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dame Nellie Melba GBE (fødd Helen Porter Mitchell; 19. mai 1861–23. februar 1931) var ein australsk operasopran. Ho var ein av dei mest kjende songarane i seinviktoriansk tid og tidleg på 1900-talet, og var den fyrste australaren som fekk eit internasjonalt ry som klassisk musikar. Ho tok kunstnarnamnet «Melba» frå Melbourne, heimbyen sin.
Nellie Melba | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1861 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Melbourne, Richmond | ||
Død | 23. februar 1931 (69 år) | ||
Dødsstad | Sydney | ||
Fødenamn | Helen Porter Mitchell | ||
Alias | Nellie Melba | ||
Opphav | Australia | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | lys sopran | ||
Verka som | operasongar, sjølvbiograf | ||
Mor | Isabella Ann Dow | ||
Far | David Mitchell | ||
Gift med | Charles Nesbitt Frederick Armstrong | ||
Born | George Nesbitt Armstrong | ||
Prisar | storkorsdame av Order of the British Empire, Victorian Honour Roll of Women |
Melba studerte song i Melbourne og fekk ein viss suksess i framføringar der. Etter eit kort og mislukka ekteskap flytta ho til Europa for å skipa ein karriere som songar. Ho fekk ikkje engasjement i London i 1886, men drog til Paris, der ho studerte og snart fekk stor suksess der og i Brussel. Då ho kom tilbake til London, etablerte ho seg raskt som den leiande lyriske sopranen ved Covent Garden frå 1888. Ho fekk vidare suksess i Paris og andre stadar i Europa, og seinare ved Metropolitan Opera i New York, der ho debuterte i 1893. Repertoaret hennar var lite; i heile karrieren framførte ho ikkje meir enn 25 roller og var nært identifisert med berre ti. Ho var kjend for framføringane sine i fransk og italiensk opera, men song lite tysk opera.
Under fyrste verdskrigen samla Melba inn store summar til velgjerdsorganisajonar knytte til krigen. Ho kom ofte til Australia i løpet av 1900-talet, song i opera og heldt konsertar, og fekk eit hus bygd i nærleiken av Melbourne. Ho var aktiv i å undervisa i song ved Melbourne Conservatorium. Melba heldt fram med å synge til dei siste månadane av livet, og hadde fleire avskjedskonsertar. Døden hennar i Australia blei kjend over heile den engelsktalande verda, og gravferda hennar var ei stor nasjonal hending. Den australske 100-dollar-setelen har bilde av henne.