Notre-Dame de Chartres
From Wikipedia, the free encyclopedia
Katedralen (domkyrkja) er ei av dei mange franske Mariakyrkjene; Notre-Dame tyder Vår frue, det vil seie jomfru Maria. I fortid og notid har denne jomfru Maria-katedralen vore ei viktig pilegrimskyrkje, både på grunn av den tradisjonelle pilegrimsvandringa for jomfru Maria som går føre seg i påskehelga kvart år, og på grunn av at katedralen er bygd som kyrkje for dei skal be sine bønar og gje sine lovnader på pilegrimsruta frå Paris og områda nordanfor, via byen Tours til eit av dei aller viktigaste pilegrimsmåla i den katolske kristendomen, byen og katedralen Santiago de Compostela i Nordvest-Spania.
Ikkje berre Chatreskatedralen, men fleire av dei store mellomalderkatedralane i Frankrike, mellom anna i Tours, var valfartskyrkjer langs pilegrimsvegane til den spanske katedralen Santiago de Compostela, som etter tradisjonen er bygd over grava til apostelen Jakob den eldre. Han vart halshogd i Jerusalem, slik det går fram av kapittel 12, vers 2 i Apostelgjerningane i Det nye testamentet, men legender gjer greie for korleis det hadde seg at liket til slutt vart gravlagd i denne spanske byen, som har fått namnet Santiago etter Sankt Jakob. Avrettinga av Jakob skal ha skjedd i påska i året 44.