Omsk
by i Russland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Omsk (russisk skrift Омск) er ein by i Omsk oblast vest i Sibir i Russland. Byen ligg i låglandet vest i Sibir ved breidda av elva Irtysj, er ho renn saman med Om. Omsk vart grunnlagd i 1716. Byen har kring 1,1 millionar innbyggjarar og er den nest største byen i Russland aust for Uralfjella, 2700 km aust for Moskva. Han er er òg administrasjonsstad for Omsk oblast.
Omsk Омск | |||||
---|---|---|---|---|---|
Tarskajagata i Omsk | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Omsk oblast | ||||
Grunnlagd | 1716 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
573 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
1 134 800 1 980,5 /km² | ||||
Koordinatar | 54°59′N 73°22′E | ||||
Høgd over havet | 90 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
OMST (UTC+6) OMSST (UTC+7) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 644xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3812 | ||||
Bilnummer | 55 | ||||
Nettstad: www.omsk.ru |
Omsk er ein viktig industristad for Russland. Byen har òg universitet, frå 1974. Omsk er eit jernbaneknutepunkt for den transsibirske jernbanen. Jernbanen har vore viktig for utviklinga til Omsk.
I Det russiske keisarriket var han sete for generalguvernøren i Vest-Sibir, og seinare for generalguvernøren på Steppene. Ein kort periode under den russiske borgarkrigen i 1918–1919 vart han erklært hovudstad i Russland og gullreservane til riket låg her.