Senkakuøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Senkakuøyane (尖閣諸島; Senkaku-shotō; japansk namn) eller Diàoyúdǎo/Diàoyútái (forenkla kinesisk 钓鱼岛; tradisjonell kinesisk: 釣魚台; kinesisk namn; Diaoyu) er ei omstridd gruppe ubefolka øyar i Austkinahavet. Dei er 120 nautiske mil nordaust for Taiwan, 200 nautiske mil austom det kinesiske fastlandet og 200 nautiske mil sørvest for den japanske øya Okinawa. Administrativt utgjer øyane ein del av det japanske prefekturet Okinawa. Dei vart annekterte av Japan i 1895, og etter at Japan leid nederlag i andre verdskrigen var dei okkuperte av USA frå 1945 til 1972, då dei vart overførte attende til japansk kontroll. Òg Folkerepublikken Kina og Republikken Kina gjer krav på øyane.
Senkakuøyane | |||
øygruppe | |||
Land | Japan | ||
---|---|---|---|
Areal | 7 km² | ||
Folketal | 0 (1. oktober 2020) | ||
Senkakuøyane 25.745°N 123.485°E / 25.745; 123.485 | |||
Wikimedia Commons: Senkaku Islands | |||
Øygruppa består av fem holmar og tre aude klipper, og har eit samla landareal på 6,16 KM². Arealet til den største holmen er på 4,38 km². Til trass for den avgrensa storleiken har øyane segla opp som eitt av dei større stridsspørsmåla mellom Folkerepublikken Kina og Japan. Denne konflikten spissa seg til i september 2012, og førte til store antijapanske protestar i Kina. Havområdet rundt øyane er rikt på fisk, og ein trur det kan finnast naturgass under sjøbotnen.