Strålingsbalansen til jorda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Strålingsbalansen er ein balanse mellom solstrålinga som kjem inn i atmosfæren og ned til jordoverflata, og varmeustrålinga (langbølgja) og reflektert (kortbølgja) stråling frå jorda og ut att i verdsrommet.
Globalt sett er strålinga i balanse, elles ville solstrålinga gjort at temperaturen konstant hadde auka, men lokalt er derimot ikkje strålinga i balanse. Tropiske område får tilført mykje meir strålingsenergi enn det som blir brukt, medan høgare breidder på vinterhalvkula stråler ut mykje meir energi enn det som blir tilført. Havstraumar og atmosfæriske straumar transporterer energi bort frå tropane til høgare breidder slik at strålinga til jorda sett under eitt er i balanse. Strålingsenergien blir omforma til latent varme, merkande varme eller til og med rørsle (kinetisk energi), men til sjuande og sist blir all energi omforma til varmeenergi som blir strålt ut frå jorda og atmosfæren.