Tekstilindustri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tekstilindustri er industriell produksjon av tråd, garn, tøy eller klede i stor skala. Tekstilindustrien har århundrelange røter som hushaldsindustri og handverk, men oppstod som maskinell produksjon i England på slutten av 1700-talet.
Tekstilindustrien er inndelt i nisjar etter produksjon og råvarebruk:
- Produksjonen skjer gjennom ei verdikjede med spinneri, veveri, konfeksjonsfabrikkar (sying) og trikotasjefabrikkar (strikking).
- Råvarene er naturlege materialar som bomull, ull, lin og silke, og syntetiske stoff som til dømes nylon, fleece og gore-tex. Dei syntetiske stoffa kom saman med råolje-revolusjonen tidleg på 1900-talet.
Produksjonsprosessen for tekstilar og klede går gjennom ein rekkje prosessar, og nokre blir gjentekne meir enn éin gong: vasking, karding, kjemming, toving, bleiking, farging, spinning, tvinning, veving eller strikking, og sying. I løpet av den industrielle revolusjonen vart stadig fleire av desse prosessane mekaniserte. Den utviklinga starta i 1760-åra og skaut fart med nye prosessinnovasjonar gjennom heile 1800-talet.