Terrestrisk stråling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Terrestrisk stråling eller utgåande langbølgja stråling (OLR) er energien som forlet jorda som infraraud stråling med låg energi. Jorda er nesten i strålingsbalanse mellom denne terrestriske strålinga, og den kortbølgja solstrålinga med høg energi frå sola. Dermed er den første lova i termodynamikken (energibevaring) oppfylt og den gjennomsnittlege temperaturen på jorda er nesten stabil. Den terrestriske strålinga vert påverka av skyer og støv i atmosfæren og han vert redusert. Drivhusgassar, som metan (CH4), nitrogenoksid (N2O), vassdamp (H2O) og karbondioksid (CO2), absorberer visse bølgjelengder av den terrestriske strålinga og medfører til atmosfæren vert varma opp. Dette fører så til at atmosfæren sender ut meir stråling. Noko av denne strålinga vert send tilbake til jorda, såkalla atmosfærisk tilbakestråling, og dette aukar den gjennomsnittlege temperaturen på jorda. Derfor vil ein auke av drivhusgassane føre til global oppvarming ved at strålinga som blir absorbert og emittert i atmosfæren aukar.
Den terrestriske strålinga er avhengig av temperaturen til flata han stråler ut frå.