Tizian
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tizian, fullt namn Tiziano Vecellio, fødd omkring 1485 i Pieve di Cadore i landområdet Cadore nær Belluno i Veneto i republikken Venezia i Italia, død 27. august 1576 i Venezia, var ein italiensk høgrenessansemålar og leiande for den såkalla venetianske skulen. Han arbeidde i Venezia og vart tidleg i livet kjent som ein dyktig målar, eit omdømme som ettertida har slutta opp om.
Tizian | |
Fødenamn | Tiziano Vecellio |
Pseudonym | Veccellio, Tiziano |
Statsborgarskap | Republikken Venezia |
Fødd | 1490 Pieve di Cadore |
Død |
27. august 1576 (86 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, bygningstegner, grafikar, biletkunstnar |
Sjanger | portrettmåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri, akt, historiemåleri, portrett |
Medlem av | Accademia delle Arti del Disegno |
Religion | katolisisme |
Far | Gregorio Vecellio |
Ektefelle | Cecilia Soldano |
Born | Orazio Vecellio, Tizianello, Lavinia Vecellio |
Tizian på Commons |
Tizian undersøkte i portretta sine og trengde gjennom den menneskelege framtoninga. Dei religiøse komposisjonane hans dekker heile skalaen av sinnsstemingar, frå ungdommelege madonnaer til tragedier i seine verk som Korsfesting, Gravleggjing og Pietà. I dei mytologiske måleria skildra han den heidenske morskapen i antikken, og i måleria av den nakne Venus (Venus og Adonis) og Danaë (Danaë med barnepike) fornya han oppfatninga av plastisk venleik og erotikk. Andre biletskaparar, som Nicolas Poussin, Peter Paul Rubens og William Turner, kopierte og imiterte ofte måleria hans. Tizian var ein pionér innan og svært oppteken av fargebruk.