Vym
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vym (russisk Вымь) er ei elv i Republikken Komi i Russland. Ho er ei av sideelvane til Vytsjegda i nedslagsfeltet til Nordre Dvina. Elva har ei lengd på 499 km og eit nedslagsfelt på 25 600 km². Middelvassføringa hennar er på 196 m³/s.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Vym | |||
elv | |||
Vym 20 km frå munningen | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 25 600 km² | ||
Lengd | 499 km | ||
Middelvassføring | 196 m³/s | ||
Kjelde | Timanryggen | ||
Munning | Vytsjegda | ||
Vym 62.216666666667°N 50.392222222222°E / 62.216666666667; 50.392222222222 | |||
Wikimedia Commons: Vym River | |||
Close
Vym har utspring på sørsida av Timanryggen. Ho renn sørover gjennom eit flatt taigalandskap. I dei øvre delane av elva er det fleire stryk. Ho renn ut i Vytsjegda nær busetnaden Ust-Vym. Elva vert nytta til tømmerfløyting og er framkommeleg for skipsfart i den nedre delane.
Dei største sideelvane hennar er Vorykva, Edva, Pozjeg og Tsjub frå høgre og Koin og Vesljana i venstre.