Avhoppar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Avhoppar er ein person som forlét eit visst land eller ei gruppe,[1] ofte knytt til ein viss ideologi.
Omgrepet var særleg mykje nytta under den kalde krigen, til dømes om nokre av dei som emigrerte frå Sovjetunionen eller Austblokka. Dette galdt særleg i samband med utanlandsopphald der dei i staden for å venda tilbake til heimlandet søkte om asyl i landet dei vitja.[1] I tillegg var det nokre folk frå Vesten som hoppa av til Austblokka; til døms den britiske spionen Kim Philby, som hoppa av til Sovjetunionen for å unngå avsløring.