Sirmium
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sirmium var ein oldtidsby i Pannonia, ein provins i Romarriket. Han låg rundt 55 km vest for det moderne Beograd i Serbia. Byen er nemnd for første gong i skriftlege kjelder på 300-talet f.Kr. Han var opphavleg folkesett av illyrarar og keltarar.[1] Han blei erobra av romarane på 100-talet f.Kr. og enda opp som hovudstaden i den romerske provinsen Pannonia Inferior. I 294 blei Sirmium erklært som den eine av fire hovudstader i Romarriket under Tetrarkiet. Byen var òg hovudstad for det pretorianske prefekturet i Illyricum og Pannonia Secunda.
Sirmium låg ved elva Sava på same stad som dagens by Sremska Mitrovica i den serbiske provinsen Vojvodina. Republikken Serbia erklærte han som ein arkeologisk stad av usedvanleg tyding i 1990. Den moderne regionen Syrmia (Srem) har namn etter byen.
Sirmium hadde rundt 100 000 innbyggjarar,[2] og var ein av dei største byane i Europa i si tid. Den engelske historikaren Colin McEvedy (1930–2005) har likevel tvilt på dette anslaget, og senka det til berre rundt 7 000 innbyggjarar basert på storleiken av den arkeologiske staden.[3] Den romerske historikaren Ammianus Marcellinus skildra Sirmium som «den praktfulle og folkerike mora til byar.»[4]