Steppenwolf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Steppenwolf var eit amerikansk-kanadisk rockeband som var framståande frå 1968 til 1972. Gruppa vart danna i slutten av 1967[1][2] i Los Angeles av vokalisten John Kay, klaverspelaren Goldy McJohn og trommeslagaren Jerry Edmonton, alle tidlegare medlemmer av det kanadiske bandet The Sparrows.[5] Gitaristen Michael Monarch og bassisten Rushton Moreve vart rekruttert via oppslag i plate- og instrumentbutikkar i Los Angeles-området.
Steppenwolf | |||
Steppenwolf i 1971 (V–H: Goldy McJohn, Jerry Edmonton, John Kay, Larry Byrom, George Biondo) | |||
Opphav | Los Angeles, California i USA[1][2] | ||
---|---|---|---|
Aktiv |
| ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap |
|
Steppenwolf selde over 25 millionar plater på verdsbasis,[6] gav ut sju gullalbum og eitt platinaalbum, og hadde 13 Billboard' Hot 100-singlar, og sju var Topp 40-hittar,[7] inkludert tre topp 10-suksessar: «Born to Be Wild», «Magic Carpet Ride» og «Rock Me». Steppenwolf hadde verdsomspennande suksess frå 1968 til 1972, men personlegdomskonfliktar førte til at kjernegruppa vart oppløyst. I dag er John Kay den einaste originale medlemmen, og han har vore vokalist sidan 1967. Bandet heitte John Kay & Steppenwolf frå 1980 til 2018. I Canada hadde dei fire topp 10-låtar, 12 topp 40-låtar og 14 på topp 100.[8]
I 2016 nominerte Rock and roll Hall of Fame dei til opptak i 2017.[9] Sjølv om dei ikkje fekk nok stemmer til å kvalifisera seg for innlemming det året, valde Rock and roll Hall of Fame i 2018 ein av deira største singlar - «Born to Be Wild» frå 1968 - som ein av dei fem første singlane som forma rocken til å bli innlemma i æresgalleriet.[10]