Art brut
From Wikipedia, the free encyclopedia
Art brut (frå fransk L'art brut for 'den rå kunsten') er ei form for kunst utført av sjølvlærte eller påstått naive kunstnarar ved at dei til felles har liten eller ingen kontakt med konvensjonane i kunstverda.[1][2] Ofte illustrerer denne «rå kunsten» ekstreme mentale tilstandar, ukonvensjonelle idear eller forseggjorde fantasiverder. Det kan vera kunstutøvarar som ikkje treng å sjå seg sjølv som kunstnarar, men som likevel skaper kunstverk som andre kan oppfatta som fascinerande.[3] Som det meste av framstillingar og stilretningar i kunsten og kunsthistoria er grensene både flytande og uklare. Å vera bevisst naiv eller primitiv i framstillinga kontra det å mangla openberr kunnskap, lærdom og erfaring, slik ein sjølvlært amatørkunstnar kan vera, er vanskeleg å skilja. Art brut er berre ei av mange nemningar på dette: på engelsk kallar ein det outsider art (kunst på utsida av den etablerte kunstverda), på svensk for särlingskonst (underleg, eksentrisk, avvikande kunst).[4][5][6]