Atlanterhavsskogen
økoregion i Sør-Amerika / From Wikipedia, the free encyclopedia
Atlanterhavsskogen (portugisisk Mata Atlântica) er ein neotropisk økoregion som strekkjer seg langs atlanterhavskysten av Brasil frå delstaten Rio Grande do Norte i nordaust til delstaten Rio Grande do Sul i sør og innover landet så langt som til Paraguay og Misiones-provinsen i Argentina, der regionen er kjend som Selva Misionera. Nær alt av det totale arealet ligg i Brasil, berre 6 % i austlege Paraguay og 2 % nordaustlege Argentina.[1]
Atlanterhavsskogen | |||
Økoregion | |||
Atlanterhavsskogen i Serra do Mar, sør i Brasil | |||
Land | Brasil, Argentina Paraguay | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 315 460 km² | ||
WWF si avgrensing av økoregionane i atlanterhavsskogen, den gule linja indikerer omtrent utbreiinga til skogen. (Satellittbilete frå NASA.) Det nøyaktige geografiske området til atlanterhavsskogen varierer avhengig av forfattar eller utgjevar.
| |||
Wikimedia Commons: Atlantic Forest | |||
Atlanterhavsskogen har økoregionar innanfor følgjande biomekategoriar: sesongmessige fuktige og tørre tropiske skogar av breiblada lauvskog, tropiske og subtropiske grassletter, savannar og buskar, og mangroveskogar. Høgdenivået spenner frå havnivå til 2700 moh. Atlanterhavsskogen er prega av eit høgt biologisk mangfald og endemisme.[2]
Det var det første miljøet som dei portugisiske kolonistane møtte for over 500 år sidan, då det var grunn til å tru å ha hatt eit område på 1,1 til 1,5 millionar km², og strekte seg ein ukjend avstand innover i landet. Mange plante- og dyreartar er trua av utrydding på grunn av at ca. 72 - 88 % av det opphavlege kjente området no er avskoga.[3][4]