Australske urfolk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Australske urfolk er folkegrupper med avstamming frå og/eller anerkjend tilhøyre til folk som heldt til i territoriet til dagens Australia før den britiske kolonialiseringa.[1][2] Dei består av to ulike hovudgrupper som omfattar mange undergrupper: Aboriginarar på fastlandet og mange øyar, inkludert Tasmania, og Torres Strait Islanders frå området mellom Queensland og Papua Ny-Guinea, som ligg i Melanesia. [3] I dag føretrekk ein å nytta nemninga Aboriginal og Torres Strait Islander peoples om gruppa som heilskap, eller den spesifikke kulturelle gruppa til ein person. Det finst òg auka bruk av omgrepa First Nations of Australia, First Peoples of Australia og First Australians.[3] 812 728 menneske identifiserte seg som å ha opphav som aboriginar og/eller Torres Strait Islander ved den australske folketeljinga i 2021, noko som representerte 3,2 % av den totale folkesetnaden i Australia. Av desse urfolka i Australia var 91,4% identifiserte som aboriginarar, 4,2% identifisert Torres Strait Islander og 4,4 % identifiserte tilhøyre til begge gruppene.[4] Siden 1995 har det australske aboriginarflagget og Torres Strait Islander-flagget vore offisielle australske flagg.