Austromarriket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Austromarriket, Det bysantinske riket eller Bysants (latin Imperium Romanum, gresk Βασιλεία Ῥωμαίων) var den austlege av dei to delane Romarriket blei delt inn i som ei følgje av keisar Diokletian sine omfattande administrative reformer. I eitt hundreår etter Diokletian si tid blei framleis dei to delane sedde på som eitt keisarrike. Etter at Theodosius den store døydde i 395 blei kløyvinga endeleg. Austromarriket synte seg å vera meir stabilt enn den vestlege delen, og varte i nesten tusen år etter at Vestromarriket fall i 476. I løpet av Justinian I si regjeringstid (som starta i 527), blei store delar av Vestromarriket erobra. Ein klarte ikkje å halde det store riket saman. Etterfølgjarane i det justinske dynastiet måtte sjå at riket gjekk inn i ei nedgangstid. Keisarriket fekk ei ny stordomstid mellom slutten av 800-talet og starten av 1000-talet, der tapte område blei attvunne. Seinare gjekk riket attende i og med invasjonar av krossfararane og osmanarane. Hovudstaden Konstantinopel blei teken av sultan Mehmet II i 1453. Med dette blei Austromarriket oppløyst.
Βασιλεία Ῥωμαίων Basileia Rhōmaiōn Imperium Romanum Austromarriket | |||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||||||||
Austromarriket på sitt største under Justinian. om lag. 550. | |||||||||||||||||||||
Hovudstad | Konstantinopel¹ | ||||||||||||||||||||
Språk | latinsk fram til 600-talet, så gresk | ||||||||||||||||||||
Religion | Kristendom (fram til 1054), austleg ortodoks kristendom (etter 1054) | ||||||||||||||||||||
Styreform | Monarki | ||||||||||||||||||||
Keisar | Konstantin den store | ||||||||||||||||||||
- 1449–1453 | Konstantin XI | ||||||||||||||||||||
Lovgjevande forsamling | Det bysantinske senatet | ||||||||||||||||||||
Historisk periode | Mellomalderen | ||||||||||||||||||||
- Grunnlegginga av Konstantinopel² | 330 | ||||||||||||||||||||
- Aust-vest-skisma | 1054 | ||||||||||||||||||||
- Konstantinopel fell under det fjerde krosstoget | 1204 | ||||||||||||||||||||
- Gjenerobring av Konstinopel | 1261 | ||||||||||||||||||||
- Konstantinopel fell | 29. mai 1453 | ||||||||||||||||||||
Innbyggjarar | |||||||||||||||||||||
- 300-talet est. | 34 000 000 | ||||||||||||||||||||
- 780 est. | 7 000 000 | ||||||||||||||||||||
- 1025 est. | 12 000 000 | ||||||||||||||||||||
- 1143 est. | 10 000 000 | ||||||||||||||||||||
- 1281 est. | 5 000 000 | ||||||||||||||||||||
Valuta | Solidus, Hyperpyron | ||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||
¹ Konstantinopel (330–1204 og1261–1453). Hovudstaden i Keisarriket Nikea, riket etter det fjerde krosstoget, var Nikea, i dag İznik i Tyrkia. ² Grunnlegginga vert vanlegvis rekna som nygrunnlegginga av Konstantinopel som hovudstad i Romarriket, men andre datoar vert òg nytta. |