Austromerske keisarar
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Austromerske keisarar er eit oversyn over romerske keisarar i tida etter at keisar Konstantin den store gav byen Konstantinopel status som hovudstad i Romarriket i 330. Frå 330 til 395 styrte keisarane heile Romarriket derfra. I 395 døydde keisar Theodosius den store og imperiet blei permanent delt i to med Theodosius' to sønner som keisar i hvert sitt rike, Vestromarriket og Austromarriket. Vestromarriket gjekk til grunne under dei store folkevandringane på 400-talet og er rekna som endeleg knust då den germanske leiaren Odovakar tok over makta i 476.
Sjølv om det katolske Vest-Europa anerkjende Austromarriket som arvtakar til Romarriket i fleire hundreår, krona pave Leo III likevel kongen av frankarane, Karl den store, til romersk keisar den 25. desember 800. Dette markerte danninga av Det heilage tysk-romerske riket, og det skjedde etter kroninga av keisarinne Irene i Austromarriket. Ifølge pavekyrkja kunne ikkje ei kvinne vera verdig eller ha rett på keisartrona. Det endelege brotet mellom den katolske pavekyrkja og den ortodokse kyrkja kom med det store skismaet i 1054.
I perioden 1204 til 1261 var Konstantinopel okkupert av styrkar frå Det fjerde krosstoget, og riket blei omtalt som Det latinske riket. Det oppsto då tre statsdanningar, keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt-riket, som alle hevda å vera arvtakarar etter Austromarriket. Lista omfattar keisarar i alle desse rika. I 1261 inntok keisaren av Nikea Mikael VIII Palaiologos Konstantinopel og imperiet var gjenoppretta. I 1453 blei Konstantinopel erobra av Det osmanske riket, og Austromarriket blei aldri gjenoppretta.
Lista omfattar ikkje talrike medkeisarar i Austromarriket (Det bysantinske riket) som aldri oppnådde status som seniorkeisar eller blei eineherskarar. Før Herakleios bar keisarane dei latinske titlene som hadde blitt del av keisarvyrdet i løpet av åra; Imperator cæsar ... augustus. Herakleios braut med den gamle tradisjonen og innførte gresk som offisielt språk i keisarriket i 620, og med dette tok han den greske tittelen Βασιλεύς (Basilevs), som tydde eineherskar. Alle bysantinske keisarar såg på seg sjølv som romerske keisarar. «Bysants» var det gamle namnet på byen (grunnlagt 657 f.Kr.) som Konstantin bygde om og døypte om til Konstantinopel, og som han gjorde til hovudstad i 330. Omgrepet «bysantinsk» blei først nytta i vestleg historiografi mykje seinare, på 1500-talet.
Lista er i hovudsak basert på lister i Bysants' historie (1997) av John Julius Norwich (s. 394-397) og Encyclopædia Britannica Online. Namneformer kan avvika ein del, og dei ulike kjeldene kan ha nytta ulike tilnamn og slektsnamn.