Bête Noire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bête Noire er det sjuande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry. Albumet kom i november 1987 på Virgin Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde niandeplassen på den britiske albumlista. Det selde til gullplate i Storbritannia.
Bête Noire Studioalbum av Bryan Ferry | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. november 1987 | |
Innspelt | 1986–1987 | |
Studio | Compass Point Studios i Nassau i Bahamas; Marcadet i Paris; Mireval i Frankrike; Guillaume Tell i Paris | |
Sjanger | Sophisti-pop | |
Lengd | 43:18 | |
Selskap | Virgin (U.K.) Reprise (USA) | |
Produsent | ||
Bryan Ferry-kronologi | ||
---|---|---|
Boys and Girls (1985) |
Bête Noire | Taxi (1993)
|
Den første singelen, «The Right Stuff» (eit samarbeidd med Johnny Marr som ein versjon av The Smiths-instrumentalen «Money Changes Everything», ei B-side) var den einaste hitten hans i Storbritannia, då singelen nådde 37. plassen.[1] Den andre singelen, «Kiss and Tell», nådde akkurat ikkje topp 40 i Storbritannia, men nådde topp 40 i USA, som den einaste singelen til Ferry som klarte dette. Songen vart nytta i filmen Bright Lights, Big City. Den tredje og siste singelen, «Limbo», nådde 86. plassen i Storbritannia.[2][3][4] Modellane Denice Lewis (som òg er på framsida av singelomslaget), Christine Keeler og Mandy Rice-Davies var med i musikkvideoen for singelen «Kiss and Tell».[5]