Den europeiske romfartsorganisasjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) er ein europeisk romfartsorganisasjon grunnlagd 31. mars 1975.[2] Formålet med organisasjonen er eit fredeleg samarbeid om å utnytte verdsrommet til forsking og næring. Organisasjonen har 22 medlemsland i tillegg til to assosierte medlem (Slovenia og Latvia). Canada er med i ein del av samarbeidet.[3] Organisasjonen har hovudkvarter i Paris i Frankrike. Operasjonssenteret, ESOC, ligg i Darmstadt i Tyskland.
- «ESA» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå ESA (fleirtyding).
ESA | |||
| |||
ESA Headquarters in Paris, France | |||
Bransje | Forsking og utvikling | ||
---|---|---|---|
Skipa | 30. mai 1975 | ||
Hovudkontor | Paris[1] | ||
Land | Frankrike | ||
Grunnleggjar(ar) | Belgia, Danmark, Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Nederland, Spania, Sverige, Storbritannia, Sveits | ||
Nettstad | https://www.esa.int |
Per februar 2005 hadde ESA 1907 tilsette. Budsjettet for 2013 var på omtrent 4282 millionar euro,[4] ein auke frå 2904 millionar euro i 2006. Inntektene til ESA kjem ifrå medlemslanda og står i forhold til kvart land sitt BNP. I tillegg køyrer ESA ei rekkje valfrie program som medlemsland kan velja om dei vil delta på.[5]