Den indre kjernen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den indre kjernen til jorda er den indre og varmaste delen av jorda. Han er om lag 1220 km i radius og berre 70 % av radiusen til månen. Ein trur at han består av ei blanding av jern og nikkel og kan ha ein temperatur liknande overflata til sola.[1]
Den indre kjernen roterer raskare enn resten av jorda, slik at han kvart år vinn ein kvart omdreiing. Dette kan vere ei av årsakene til jordmagnetismen.