Den vestsibirske sletta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den vestsibirske sletta er ei stor slette som dekkjer dei vestlege delane av Sibir og Russland, mellom Uralfjella i vest og Jenisej i aust, og av dei austlege Sajanfjella og Bajkalfjella i sør. Ho har vorte skildra som det største uavbrotne låglandet i verda, og meir enn 50 % av området ligg under 100 meter over havet.[1]. Sletta dekkjer eit område på om lag 2,6–2,7 millionar kvadratkilometer, som er ein tredjedel av Sibir,[2] og strekkjer seg 2400 km frå nord til sør, frå Nordishavet til foten av Altajfjella, og 1900 km frå vest til aust, frå Jenisej til Uralfjella.
Den vestsibirske sletta За́падно-Сиби́рская равни́на Zapadno-Sibirskaja ravnina | |||
slette | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Den vestsibirske sletta 62°N 76°E / 62; 76 | |||
Wikimedia Commons: West Siberian Plain | |||
Sletta er delt inn i åtte forskjellige vegetasjonssoner: tundra, skogstundra, nordleg taiga, mellomtaiga, sørleg taiga, subtaiga, skogssteppe og steppe. Talet på dyreartar varierer frå minst 107 i tundraen til 278 eller meir i skogssteppe-regionen.
Vintrane på Den vestsibirske sletta er harde og lange. Klimaet på det meste av slette er anten subarktisk eller kontinentalt. To av dei større byane på sletta er Surgut og Nizjnevartovsk.