Elvar i Russland
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dette er ei liste over elvar i Russland. Russland er delt inn i ein europeisk og ein asiatisk del. Grensa mellom dei to vert vanlegvis rekna for å gå langs Uralfjella og Kaspihavet. Den europeiske delen vert drenert ut i Nordishavet, Austersjøen, Svartehavet og Kaspihavet. Den asiatiske delen vert drenert ut i Nordishavet og Stillehavet.
Kjende elvar i det europeiske Russland er Volga, Don, Kama, Oka og Nordre Dvina, medan fleire andre elvar som har opphavi Russland renn gjennom andre land, som Dnepr og Vestre Dvina.
I Asia er viktige elvar Ob, Irtysj, Jenisej, Angara, Lena, Amur, Jana, Indigirka og Kolyma.
I lista under er elvane inndelt etter kva hav dei renn ut i. Sideelvar er markert med innrykk og sortert frå utløp til kjelde.