Emily Carr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Emily Carr (13. desember 1871–2. mars 1945) var ein kanadisk kunstnar og forfattar inspirert av kanadiske urfolk og den kanadiske stillehavskysten.[1] Ho var ein av dei fyrste kanadiske kunstnarane til å ta i bruk ein modernistisk og post-impresjonistisk målestil.[2] Carr blei ikkje vidkjend for verket sitt før seint i livet. Etterkvart som ho mogna, tok landskaps- og skogsmotiv i stor grad over frå urfolksinspirerte måleri.[1] Som forfattar var Carr ein av dei første til å skildra livet i British Columbia. The Canadian Encyclopedia omtalar henne som eit kanadisk ikon.[3]
Kjappe fakta
Emily Carr | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 13. desember 1871 Victoria i British Columbia |
Død |
2. mars 1945 (73 år) |
Yrke | kunstmålar, sjølvbiograf, skribent, keramikar, kunstnar |
Rørsle | Modernisme, post-impresjonisme, ekspresjonisme |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Canadian Group of Painters |
Emily Carr på Commons |
Lukk