Falco
fugleslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Falco er ei biologisk slekt av rovfuglar som er utbreidd på alle kontinenta i verda med i alt ca. 38 artar. Falco femnar om fleirtalet av falkeartane i verda[1] og samtlege falkar utbreidd i Europa.[2]
Falco | |
Aplomadofalk, Falco femoralis Foto: Elaine R. Wilson | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Falkefuglar Falconiformes |
Familie: | Falkefamilien Falconidae |
Underfamilie: | Falconinae |
Slekt: | Falco von Linné, 1758 |
Vandrefalkar har vorte registrert i 320 km/t under stup, noko som gjer dei til dei snøggaste skapningar ein kjenner.[3] Andre kjente falkar i denne slekta er jaktfalk, slagfalk og dvergfalk. Somme Falco-artar har fellesnamet 'hobby' på engelsk. Hobby er typisk mørke, små falkar med lange smale venger, i Europa representert med arten lerkefalk, Falco subbuteo, engelsk 'Eurasian Hobby'. Ei anna gruppe svevar mykje under jakt og kallast 'kestrel' på engelsk, der tårnfalk og raudfalk er ein typiske artar i Europa, medan sporvefalk, 'American Kestrel' er vidt utbreidd i Amerika. Falco-slekta er ein del av falkefamilien, Falconidae, som òg inkluderer karakaraer, latterfalk, parakittfalk, pygmefalkar, skogfalkar og falkonettar.[1]
Vaksne falkar i denne slekta har tynne koniske venger, som gjer dei i stand til å flyge i høg fart og for å gjere kjappe retningsendringar. Unge falkar i første leveåret har lengre vengefjør, noko som gjer det enklere å flyge medan dei lærer eksepsjonelle dugleikar som blir kravd for å vere effektive jegerar som vaksne. Som for mange andre rovfuglar, har falkar eksepsjonell synsevne. Dugleiken i syn for ein falkeart blei ein gong målt til 2,6 gonger betre enn normalt hos menneske.[4]