Geotermisk gradient
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein geotermisk gradient er temperaturgradienten til jorda nedover i djupna, altså korleis temperaturane aukar med djupna. Denne indikerer at varme strøymer bort frå den varme, indre kjernen. Bortsett frå i grenseområda mellom jordskorpeplater stig temperaturen vanlegvis 25-30 °C per km nedover i grunnen dei fleste stader på jorda..[1] Globalt reknar ein den gjennomsnittlege geotermiske gradienten til å vere på 24 °C/km.[snl 1] Strengt tatt syner forstavinga geo til jorda, men omgrepet vert òg nytta på andre planetar. Den indre varmen til jorda kjem frå ein kombinasjon av overskotsvarme etter planeten vart skapt (om lag 20 %) og varme produsert av radioaktiv nedbryting (80 %).[2] Dei største varmeproduserande isotopane i jorda er kalium-40, uran-238, uran-235 og thorium-232.[3] I midten av planeten er temperaturen opp mot 7000 K og trykket kan nå 360 GPa.[4] Sidan mykje av varmen kjem frå radioaktiv nedbryting, trur forskarar at tidleg i historia til jorda, før isotopane med korte halveringstider vart uttømt, så var varmeproduksjonen frå jorda langt høgare. Denne ekstra varmeproduksjonen var to gonger dagens nivå for om lag 3 milliardar år sidan.,[2] og ville ha auka temperaturgradientane inne i jorda. Dette førte igjen til at mantelkonveksjonen og platetektonikken vart langt meir aktiv slik at det vart skapt vulkanske bergartar som komatiittar, som ikkje vert danna i dag.[5]