Kyssesjuke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kyssesjuke, mononukleose eller kjertelfeber er ein infeksjonssjukdom, som oftast valda av Epstein-Barr-viruset (EBV). Mellom symptoma er feber, faryngitt (gjerne med ein særs sår hals), halskjertelsvulst og utmatting.[1][2]
Fleire andre virus enn Epstein-Barr-viruset kan valda kyssesjuka, mellom dei menneskecytomegalovirus og HIV-virus.[1]
Kyssesjuke gjev som regel ikkje opphav til komplikasjonar, og er sjeldan døyeleg. 1-5 % av individ med kyssesjuke får nevrologiske komplikasjonar, som Guillain-Barré-syndrom. Opp mot 1 % får sprokken milt. Kyssesjuke aukar òg sannsynet for å utvikla multippel sklerose og Hodgkin-lymfekreft.[2][3]