Maté
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maté er ein urtete laga av tørka, pulveriserte blad frå planten yerba mate (Ilex paraguariensis), ein slektning av kristtorn.[1] Drikken inneheld stimulanten koffein og garvesyre.[1] Han er vanleg i Sør-Amerika og delar av Midt-Austen. Han er rekna som nasjonaldrikk i Argentina,[2] Paraguay og Uruguay, og er også utbreidd i delar av Brasil, Chile, austre Bolivia, Libanon, Syria og Tyrkia.[3][4] Han blei opphavleg drukken av guaraniar.[1]
Maté, som også er kjend som chimarrão og cimarrón, blir tradisjonelt servert i ein uthola kalebass (eit slags graskar) og drukken gjennom eit sugerøyr av metall kjend som bombilla.