Movimiento al Socialismo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sosialistpartiet i Bolivia (Movimiento al Socialismo, MAS) er eit venstreorientert boliviansk parti leidd av Evo Morales, skipa i 1987.
Movimiento al Socialismo | |||
| |||
Land | Bolivia | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Evo Morales | ||
Grunnlagt | 1998[1] | ||
Ideologi | Sosialisme for det 21. århundre, indigenismo, venstrepopulisme, antiimperialisme, venstrenasjonalisme, Kommunitarisme | ||
Politisk posisjon | venstresida |
MAS grodde opp frå ei rørsle for å forsvare interessa åt kokabøndene. Evo Morales har utforma målsettinga for partiet og ein populær organisasjon for å oppnå nasjonal samling, og han har utforma ein ny petroleumslov som vil garantere 50 % av inntekta for den bolivianske staten, skjønt politiske leiarar i MAS også har synt interesse for å gjere nasjonaliseringa av olje- og gassindustrien komplett.
I kongressvalet på slutten av 2002 kom partiet på andreplass med 19,4 % av dei gyldige presidentstemma og 14,6 % av einrepresentantstemma, noko som gav 27 av 130 sete i kongressen og 8 av 27 i senatet. Dette var overraskande og upassande for dei tradisjonelle bolivianske partia. Også i 2005 var Morales presidentkandidaten åt partiet. Han vann då ein klar siger med majoriteten av røystene og partiet fekk 72 av 130 sete i kongressen og 12 av 27 i senatet. I prefektvalet kjempa MAS for alle ni departement, men vann berre tre: Chuquisaca (43 %), Oruro (41 %), and Potosí (42,7 %).