Oljeskifer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oljeskifer er eit samleomgrep på finkorna sedimentære bergartar som vil frigjere olje og gass ved hjelp av knusing og destillasjon. Det meste av denne olja finst i så låge konsentrasjonar at berre ein liten del som regel kan utnyttast under realistiske økonomiske vilkår.
Kommersiell utvinning har vore drive i det austlege Estland sidan 1925, der oljeskifer er energikjelda til flere energiverk. Narva-området i Estland har ein estimert reserve på 1,137 billionar tonn.[treng kjelde] Senteret for skiferoljeindustrien i Estland ligg elles i byen Kiviõli.[1]
Den største kjende førekomsten i verda er Green River Formation i statane Utah, Colorado og Wyoming vest i USA. Andre store kjente førekomstar finst i Australia, Brasil, Canada, Israel, Jordan, Kina og Russland.